Alle bilder av Torfinn Kråkenes
Tekst: Torfinn Kråkenes (første del) / Kråkenes fyr (andre del)
No vil eg slå eit skikkeleg slag for min eigen heimstad, Kråkeneset..(Ytterste enden av Nordfjorden).. Når de høyrer vèrmeldingane snakkar om "vèret sør for Stadt" er det frà Kråkeneset, og sørover det er snakk om..
Kråkenesfyr, er vèrmeldestasjon.. Det berykta "Stadthavet" er det som skil Stadtlandet og Kråkeneset.. Eg har opplevd dei villaste orkanane her ute.. Også sommarstid..
Der havbårene slår innover Kråkenesfyr, med full tyngde, nærmare femti meter over havflata..
Kråkeneset har i århundre vore ei lita, anonym, og bortgøymd bygd, der eit hardt arbeidande, og fredeleg folkeferd, utan noko behov for merksemd av noko slag, har overlevd dei største utfordringar, med å livnære seg av det naturgitte "givnader" kunne by på..
Det er få, truleg ingen stadar langs Norskekysten du kan oppleve så ekstreme vindstyrkar, og havsjøar, som her ute, sommar, som vinter..
Og havblikk, og vindstille sjølvsagt.. Kråkeneset er verdt å få med seg, som eit "ferieminne"..