Leikanger
Leikanger kommune ligg mellom fjord og fjell i hjartet av Sognefjorden. Kommunen grensar mot Balestrand i vest og Sogndal i aust. Leikanger har cirka 2200 innbyggjarar. Det næraste regionsenteret er Sogndal som ligg 20 minutt køyretid unna.
Leikanger er den 4. støste fruktkommunen i landet. Om lag 80.000 tre med eple, pærer og plommer er i produksjon og blomstrar kvar vår. Biene i Leikanger produserer fantastisk honning og på den lokale butikken kan du få kjøpt lokalprodusert honning. Dei seinare åra har det vore ei auka satsing på dyrking av bringebær og langs med vegen kan du, om du er riktig heldig, kjøpe flotte bringebær om hausten.
KIlde: https://www.sognefjord.no/