Sommerferie i Norge

View Original

Stryn

Fotograf Astri Storøy

Stryn kommune ligg i den inste delen av Nordfjord i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunen grensar til Volda og Stranda i nord, Skjåk i aust, Luster i søraust, Sunnfjord i sørvest og til Gloppen og Stad i vest. Frå 1965 til 1977 var Hornindal ein del av Stryn.

Kommunen har tre tettstader: Administrasjonssenteret Stryn, Olden og Innvik. Det er óg tettbygde område i Loen og Utvik. Stryn er den største skogbrukskommunen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Jordbruket er dominert av bær- og fruktdyrking, medan ein i husdyrbruket finn både storfehald med kjøt- og mjølkeproduksjon så vel som geit og fjørfe. Kommunen har òg allsidig industri, og i seinare år har turisme vorte viktig.


Slik reiser du til Stryn

See this content in the original post